
Webinar
SkatteFUNN-søkjarwebinar
- Passer for:
Bedrifter i heile breidda av næringslivet
- Digitalt:
Arrangementet strømmes
Om arrangementet
Dette webinaret er for alle som søkjer SkatteFUNN, både dei som har gjort det før og dei som er nye.
Arrangementet vil vere ein uformell spørsmål-og-svar-seanse der det er mogleg å stille spørsmål om SkatteFUNN-ordninga, og om korleis vi som SkatteFUNN-saksbehandlarar vurderer søknadene.
Det vil ikkje bli gitt nokon presentasjon av SkatteFUNN på seminaret. Konseptet er at vi konsentrerer oss om dei spørsmåla som blir stilte. Dei spørsmåla vi ikkje kan svare på der og då, vil vi prøve å komme tilbake til.
Les meir om SkatteFUNN på nettsidene til Forskningsrådet
Vi tilrår dykk å sjå dette opptaket på førehand:
Kort introduksjon til SkatteFUNN
Cecilie Ramona Kåss Furuseth forklarer kva SkatteFUNN-ordninga er og korleis bedrifter kan søkje om refusjon av utgifter til FoU gjennom denne ordninga.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 1. januar 2026, kl. 07.56 CET
Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.